Den nye Pers-fasaden ut mot sentrumsgata i Gol.
Pers har teke i bruk påbygg til 20 millionar

Etter knapt eit års byggjetid står påbygget til Pers Hotell på Gol ferdig. Restauranten er utvida og hotellet kan tilby 19 nye og moderne familierom.

- Gjestene ynskjer større plass. Det er store rom med høg standard som går først, fortel hotelldirektør Arve Rustberggard.
Romma i den nye fløyen har eit enkelt og moderne preg. Dei er mellom 35 og 50 kvadratmeter og dei fleste har sengeplassar til fire eller seks. Standarden er høg og alle er allergivenlege og tilpassa for funksjonshemma.
Påbygget har hatt ei kostnadsramme på 20 millionar kroner. Ein stor pott har gått i nytt ventilasjonsanlegg.

Silje Midttun 25.07.2001