Tilsynelatande gemyttleg mellom Torbjørn Rustberggard (t.v.) og helseminister Tore Tønne på Gol torsdag ettermiddag.
Kraftsalve mot SND Invest

Eg trur nok eg skal klare å overtale Torbjørn Rustberggard til framleis å
stemme Ap, sa helseminister Tore Tønne då han var på valkampbesøk i DBC Næringshage på Gol torsdag


Som kjent har den fråfalne sosialdemokrat Torbjørn Rustberggard oppmoda folk om å stemme Høyre i frustrasjon over Ap sin mangelfulle innsats i distrikta generelt og Hallingdal spesielt.

Ikkje enkle løysingar
- Men det finns ingen enkle løysingar på kompliserte problem, repliserte
Tønne. Det er ikkje alt som kan betrast med skattelette, pengebruk og
tapping av oljefond.
Ellers var det næringspolitikk som sto i fokus då den tidlegare SND-leiaren besøkte næringsparken. Og han fekk mykje å tenke på. Torbjørn Rustberggard hadde nemleg meir krutt på lager.

Blåruss i SND Invest
- I Hallingdal har me etablert DBC Invest, som skal sørge for å støtte og
finansiere gode idear og bakke dei opp i innleiingsfasen. Dette skulle ein tru var ein god tanke, og difor inviterte me det statlege næringsutviklingsselskapet SND Invest til å skyte inn
pengar. Men svaret me får er negativt. Dei økonomiske rammene er for små, det er ikkje inntenings- og omsetningspotensiale nok, var svaret. SND Invest har kanskje gjort mykje for oppdrettsnæringa langs kysten, men svært lite for næringsutvikling inne i landet. Eg vil påstå at SND Invest ikkje fungerar vis a vis distrikts- og bygdenorge. Det er styrt av blåruss med ein urban tankegang, hevda Rustberggard.

Helseprodukt
Som om dette ikkje var nok, kom Torbjørn Rustberggard også med eit sukk mot sider ved helsepolitikken:
- Kurs- og konferansemarknaden fell bort for distriktshotella, og me i
bransjen prøver å skape nye produkt, som til dømes spa-produkt med varme bad, massasje, trening, fysioterapi og mange profesjonelle tenester. Kvifor får me ikkje lov til å tilby dette til den offentlege helsetenesta, all den tid me kan gjere det til ein døgnpris som ligg langt under det offentlege sin kostnad på tilsvarande produkt?

Sigmund Krøvel-Velle 23.08.2001