Service for kropp og sjel

Oline Spa på Pers Hotell er Norges største service- og velveresenter for kropp og sjel.


Heretter kan Pers smykke seg med tittelen landets største Spa-hotell. Fredag var det offisiell opning av Oline Spa i kjellaretasjen på Pers Hotell på Gol. Det er investert 15 millionar kroner i prosjektet.

Velvere-senter
Ei Spa-avdeling er kort fortalt eit velveresenter der folk kan få «service» på kropp og sjel med naturprodukt, basert på vassbehandling. I Oline Spa står fem terapeutar klare til å fornye slitne kroppar frå tåspissen til øyreflippen, innvendig og utvendig.
Oline Spa består av fleire avdelingar. Det er avdeling for kurbad massasje, frisør, manikyre, pedikyre, ansiktsbehandling og mental avslapping. Eit ombygd Romana inngår som eindel av Spa-avdelinga. I tillegg kjem badeavdelinga Tropicana.

Torbjørn Gunhildgard 16.03.2002