Torbjørn Rustberggard saman med Ulf Kløve (t.v) og Arne Skogheim under reiselivsmøtet på Geilo tysdag.
Torbjørn Rustberggard meiner det må tenkjast nytt innan reiselivet. Han ønskjer eitt stort eigarselskap i kvar kommune.

Rustberggard var den som kom med dei spenstigaste ideane under reiselivskonferansen på Geilo tysdag.
Han tek no til orde for at det blir oppretta eitt stort reiselivsselskap i kvar kommune i Hallingdal, eit selskap som eig og driv hovudtyngda av hotell og all reiselivsrelatert næringsverksemd i kommunen. På lengre sikt ser han for seg ei vidareutvikling til eitt selskap for heile Hallingdal.

Hand om det meste
Han meiner det avteiknar seg eit tydeleg bilete av at det er destinasjonar med ein indre vertikal eigarstruktur, der eitt selskap har hand om «heile» næringskjeda, som har hatt verkeleg vekst dei siste åra. Disney sine reisemål er gode eksempel, det same er Whistler i Canada, Sälen i Sverige og Trysil her i landet.

Ser tendensar
Rustberggard meiner ein alt ser tydelege tendensar til ei slik utvikling i Hemsedal, der Skistar (tidlegare Sälenstjernan) er i ferd med å sikre seg ein slik posisjon.
- Eg spår at innan fem år er ein slik struktur eit faktum i Hemsedal, og kanskje også i andre kommunar i Hallingdal, seier han.

Kjell Slåtten 11.04.2002