![]() |
||||
![]() |
||||
Brørne Arve, Torbjørn og Mekkel Rustberggard står bak Pers Hotell i Gol. | ||||
I Gol er reiselivsbedriftene familieeigde og vore i same slekta i generasjonar. Dei fleste turistbedriftene på Geilo og i Hemsedal er i dag eigd av utanbygds investorar og større aksjeselskap. På Gol er meir eller mindre alle reiselivsbedriftene framleis familieeigde. Har vurdert Dei to største hotella i Hallingdal, Storefjell Høyfjellshotell og Pers AS, er eit resultat av arbeid gjennom fleire generasjonar. Slik ser det ut til å bli også i framtida. Styreleiar i Pers, Torbjørn Rustberggard, seier eigarskapet har vore diskutert, men at ingenting tyder på at hotellet og Pers-systemet skal hamne andre hender enn Rustberggard sine. - Vår klare strategi framover, er at hotellet blir på familiens hender også i neste generasjon. Om det hamnar på ein av greinene, eller om det blir heile familien, veit me i dag ingenting om. Ingen kan spå om framtida, seier Rustberggard. Stolte Rustberggard meiner golingane burde vera stolte av å ha full kontroll over reiselivsbediftene sjølve. - Kvifor er det blitt slik? - Bedriftene har fått ungar som har lyst å drive. Dei har vore med å utvikla verksemda vidare. Når ein er både eigar og drivar har ein større interesse av å utvikle og vedlikehalde. Ein har ein lengre tidshorisont og ein stoltheit i arbeidet som eit større aksjeselskap må leite etter. Dermed overlever dei også. - Det er ikkje fordi golingsbedriftene er vanskelegare å selja? - Det er mogeleg Hemsedal og Geilo er lettare å selja. Og eg trur rammebetingelsane er vanskelegare for golingsbedriftene. Nettopp det har nok også gjort at golingane har måtte yte noko ekstra, seier Rustberggard. Ligg i blodet Storefjell Høyfjellshotell er framleis Nibstad-eigd. Det reknar dagleg leiar Arne Nibstad at hotellet også vil vera i framtida. - Me er nok låst fast her. Me har ingen andre planar. Kva som skjer i neste generasjon er det sjølvsagt for tidleg å seie noko om. Dei er framleis for unge til å vurdere noko slikt. Men me er fødd inn i dette. Det er som å drive ein gard. Det ligg i blodet, seier Nibstad. Stein Torleif Bjella 15.09.2004 |
||||