Tropicana blir Norges største


Etter storutbygginga til 15 millionar kroner blir Tropicana Badeland det største kombinerte ute- og innebadeanlegget i landet.
Torbjørn Gunhildgard
Rett etter påske starta ei storutbygging ved Tropicana på Pers Hotell. Nyanlegget skal stå ferdig 25. juni. Tropicana er ope i heile byggjeperioden bortsett frå ei veke når det nye og gamle anlegget skal knytast saman.

110 meters sklier
Ein inspeksjonsrunde på byggjeplassen fortel at det er ei gigantutbygging på gang. Største attraksjonen blir to utandørs sklier på 110 meter, den eine tomannssklie, som svingar seg ned frå eit 12 meter høgt tårn. Det blir både lys- og lydeffektar inne i vasskliene for fartsglade badegjester.
- Skliene er overbygde og kan brukast heile året. Dei munnar ut i det gamle bassenget i Pers Bad som blir ombygd, seier Torbjørn Rustberggard.

Torbjørn Gunhildgard 26.05.2005