Laurdag opna det nye Tropicana Badeland ved Pers Hotell i Gol. Ein utbygging til 15 millionar har gjort anlegget til det største ute- og innebadeanlegget i Norge - og eit eldorado for både små og store. To store vatnsklier på over 100 meter er dei nye hovudattraksjonane. Sjølv ordføraren vart freista til gjentaking etter å ha rutsja nedover den tøffaste sklia og offisielt opne det nye badeanlegget med å bryte bandet i farta.

Fristane
- Denne type sklier fristar tenåringane. No tykkjer dei og det er spennande å vere i Tropicana, seier styreformann i Pers Eiendom AS, Torbjørn Rustberggard. Dei nye skliene kan nyttes både sommar og vinter og som ein liten bonus kan ein køyre på tid og ha sklikonkurranse.
Ordføraren let seg ikkje be to gonger om å klatre opp i tårnet og skli meir. I den eine sklia nyttar ein «gummibåt», i den andre sklir ein utan. Og ungane stod tett i tett i trappa opp i tårnet i påvente av sin tur - i lag med ein skliglad ordførar.
Badeland i ny tropisk drakt


Gigasklier og mageplask, ungehvin og fossefall og sporty ordførar som opna det utvida badeanlegget med å bryte bandet medan han rutsja nedover sklia.- Dette er berre kjempegøy for «ungar» i alle alder, smilar ein nøgd ordførar Jan-Halvard Brekko før han slepp taket og rutsjar rundt og rundt nedover den over 100 meter lange sklia - og får seg ein dukkert i bassenget lengjer nede.

Line Sandvik 27.06.2005