Verdas fyrste heilårspark

Torbjørn Rustberggard har planar om å byggje verdas fyrste kombinerte sommar- og vinterpark på Storøyne.

Det var gigantplanar storgründaren på Gol lanserte då han sleppte katta ut av sekken i formannskapsmøtet torsdag.

Verdas fyrste
Torbjørn Rustberggard avslørte at han går svanger med planar som manglar sidestykke både i Norge og utlandet. Ein heilårspark med vatn som hovudelement om sommaren og snø om vinteren vil gje Gol og Hallingdal verdas fyrste kombipark.
- Det unike ved denne parken er at me kan bruke same installasjonane både om sommaren og vinteren, sa Rustberggard og la til at ny avkøyring er heilt påkreva.

Hakeslepp
Golingane har venta lenge på at Torbjørn Rustberggard skulle lansere Storøyne-planen. Fleire av politikarane fekk hakeslepp under orienteringsmøtet og var rause med lovorda.
- Eg er nesten mållaus, sa Ingrid Wollebæk (Ap).
- Eg er mektig imponert og heilt slått heilt ut, sa Mona Norhaug Faleide (Sp).
- Ein kjempeidé, sa Aud Ingunn Narum (H).

Torbjørn Gunhildgard 19.08.2005