Nytt Pers-regime: Anne Rustberggard Varden (30) har overtatt sjefsrolla i familieselskapet Pers AS. Ho skal styre og drive Per Hotell saman med onkel Arve og ektemannen Åsmund Varden t.h.
Ny generasjon overtek på Pers

Det er generasjonsskifte ved Pers Hotell. Anne Rustberggard (30) og ektemannen skal styre hotellet vidare saman med onkel Arve.

Ved årsskiftet starta eit ny epoke ved Pers Hotell. Ein ny generasjon Rustberggard har overtatt stafettpinnen.

Tredje generasjon
Det nye Pers-regimet er ikkje heilt nytt. Arve Rustberggard er framleis med i driftsselskapet Pers AS og representerer kontinuiteten. Men no har tredje generasjon Rustberggard kome inn.
Heretter skal Arve drive hotellet saman med niesa Anne (30), dotter til Mekkel, og ektemannen Åsmund Varden. Storebrørne Mekkel og Torbjørn har takka for seg og trekt seg ut av drifta.
Pers AS har fått ny eigarstruktur, men er framleis eit selskap under Pers Eiendom AS der Torbjørn Rustberggard sit ved roret og Mekkel også er med vidare.

Torbjørn Gunhildgard 15.01.2006