Framtida: Slik ser Torbjørn Rustberggard for seg at områda ved dagens golfbane ved Eikredammen skal kunne vidareutviklast i framtida. Nede til venstre ligg 18-holsbanen som no er ferdig, pluss hyttefeltet. Lenger vest skal det bli hotell og ny golfbane. Så skal heile området mot nord utviklast med aktivitetstilbod, hytter, ferieleilegheiter og bustad område. Til høgre ligg Fuglehaugen motorsenter. Verken hus eller hytter blir lagt slik at dei kjem inn i støysona frå anlegget.
Planlegg hotell, hytter og bustadområde

Drøymer du om å bygge hus på ei stor naturtomt tett inntil fri natur? Sjekk ideskissene til Torbjørn Rustberggard for "Hemsedal Syd".

Initiativtakaren til Hemsedal golfalpin, altså golfbanen ved Eikredammen, vil bygge ut heile det samanhengande skogsområdet frå golfbanen ved Eikredammen og opp til Huso fjellgard. Store tomter for fastbuande blir ein viktig del av planen. På sikt er målet å skape høgare lønsemd i turistnæringa, og å utvikle området til eit fullverdig heilårs reisemål.
– Håpet er å koma i gang med arbeida innan tre år. Men først må visjonane konkretiserast og innlemmast i det lokale planverket, seier Rustberggard. Tysdag presenterte han ideane sine for Hemsedal formannskap.
Hemsedal Syd, eller Hemsedal fjellresort, skal ifølgje Rustberggard bli noko heilt nytt på den norske reiselivsmarknaden. Området grensar til Gol kommune. Samla areal er på rundt 2000 mål. Hemsedal kommune er største grunneigar. Torbjørn Rustberggard eig resten. Ved å legge til rette for vidare utvikling kan ein få eit område der det både blir nye aktivitetstilbod, hytter, hotell, ferieleilegheiter, og ein god del bustadtomter.
– Eg veit mange er på utkikk etter tomter med god plass, gjerne fire-fem mål, der dei til og med kan ha plass til ein hest eller liknande, sier han.

Olav J. Bøthun 06.03.2008