I HELGA FØREGJEKK den høgtidelege opninga av den nye badeavdelinga ved Pers Hotell på Gol. Det var turistsjef Sten Markussen som erklærte badet for opna under eit lite coctailparty i svømmehallen laurdag kveld. Ved festmiddagen etterpå helsa fylkeskontorsjef Halvorsen frå Buskerud fylke, og ordførar Bakke frå Gol kommune. Turistdirektør Rød i Hotell og Turistdirektoratet og Bjørn Holte i TTK Buskerud talte og. Ved kaffeen var det og uoffisielle, private helsingar, og Tormod Ruud frå Drammens Tidende og Buskeruds Blad takka til slutt for maten. Hallingdølen var ikkje sjølv til stades, men har fått opplyst at det var ein stilig fest som vara laurdagen ut, og vel så det.


(Hallingdølen 8. januar 1973).