Huso fjellgard i Hemsedal har opna portane for godtfolk.

Garden framstår som ein unik kombinasjon av kultur- og naturoppleving, der alle generasjonar har noko å hente.
Eigaren, Torbjørn Rustberggard, har bygd opp den særeigne fjellgarden rundt sjølve Husotunet og like eins ein «konstruert» heimstøl nokre hundre meter unna. Husotunet presenterer seg som eit bygdemuseum med i alt ni gamle hus. I tillegg til husa som har stått på garden, er det flytta til større og mindre hus frå Gol, Nes og Hol. På stølen er det reist fire hus.
Stølen er eit sentrum for naturoppleving. Idylliske småvatn gir høve til kanopadling og fisking. Eit ridesenter syter for at naturen kan opplevast frå hesteryggen.
Rustberggard har arbeidd med den særeigne fjellgarden på Huso i tre år. I alt har han investert i overkant av to millionar kroner.

Hallingdølen 28. juni 1990