Golf ved Granheim

Om eitt år kan byggeleiar Ola Granheim (t.v) konstruksjonsingeniør Don Bain (Australia), arkitekt Jeremy Turner (England) og initiativtakar og styreformann i Hallinggolf, Torbjørn Rustberggard, ta dei første slaga på golfbanen som er under bygging ved Eikredammen, på grensa mellom Gol og Hemsedal.
- Golfkøller, det fekk eg av kjerringa for tre år sidan, så eg er godt førebudd, seier Rustberggard. Og byggeleiar Ola Granheim som har golfbanen som nærmaste nabo, har alt starta med å øve inn den rette svingen på golfkølla. Når ein bygger golfbane til seks millionar kroner, bør ein også beherske spelet.

Hallingdølen 17. juli 1993