Så var det duka for noko ganske nytt i Hallingdal: landskamp i boksing.


Bokselandskampen mellom Norge og England var lagt til Pers Hotell og engelskmennene vann 4-3.
Landskampen kom ikkje til Gol og Pers av seg sjølv. Mykje av årsaka ligg hjå ein utflytta goling med namn Petter Spildrejorde. Han flytta frå Gol for vel 20 år sidan og sit i dag i styret i Oslo Boksekrets. Ein kan seia det slik at stemnet kom til Gol etter mykje samsnakk mellom Spildrejorde og direktør Arve Rustberggard på Pers.
Dette er ikkje første gongen at familien Rustberggard har befatning med boksesporten. Far, Per Herbrand Rustberggard, boksa ei rekke kampar medan han budde i Oslo i 1930-åra.
På biletet ser me Rune Erlandsen frå Gol (t.v) bokse oppvarmingskamp før landskampen.

Hallingdølen 16. november 1993